Guida turar i Øystesefjella

Har du lyst på ein fjellturar utanom det vanlege? Vi på Vetlemyrane driv Hardanger Hiking med guida turar utanfor allfarveg og turistvrimmelen. Lokale guidar tek deg med til idylliske stølar og fjelltoppar med fantastisk utsikt over vestlandsk fjordlandskap, isbre, fjell og djupe dalar.

Varierte og gode opplevingar

Vi tilbyr eit variert turprogram, i det skog og fjellområdet som vi kjenner aller best. Nokre av turane passar for familiar med ungar, og dei som ikkje er så vant til å gå i fjellet. Toppturane er tilpassa dei som har erfaring med å gå i fjellet og som er i god form. I fjellområdet er det mange flotte, idylliske stølar. Dei ligg i skoggrensa om lag 6- 700 meter over havet. Toppane i området rundt Øystese når opp i 1300 meter. Den høgaste toppen, Fuglafjell, er 1334 moh.

På turane kan du høyre elver og bekkar bruse, oppleve roen, bli bergtatt av storslått natur og nyte utsikten. Vi fortel gjerne om bruk av fjellområda og stølane i dag og før i tida.

Turane startar frå Øystese i Hardanger 1,5 time med bil frå Bergen. Ta kontakt for tur med di gruppe, din familie eller din flokk. Ein typisk tur tek 3-5 timar og krev ulik grad av meistring. Heile året rundt kan du tinga tur hjå oss. Om du har andre ynskjer enn turforslaga våre , tilpassar vi turen til dine draumar og ynskjer.

Utstyrsliste

Hardanger Hiking tilrår deltakarar å ha med seg gode kle på turane våre. Der ikkje naudsynt å oppfylle alle punkta på utstyrslista, men den gjev ein indikasjon, basert på våre erfaringar. I fjellheimen er det ofte meir vind og kaldare enn ved der me startar, det kan difor vere lurt å ha med seg ekstra klede.

Sjå komplett utstyrliste

Turar

Vi har lagt opp eit variert turprogram, i det fjellområdet som vi kjenner aller best. Nokre av turane passar for familiar med ungar, og dei som ikkje er så vant til å gå i fjellet. Toppturane er tilpassa dei som er vant til å gå i fjellet og som er i god form.

Du får 15 % rabatt for gruppebestilling med meir enn 6 personer.