Eivindsete Stølstur Lengd: 8,5 km
Stigning: 400 m
Varigheit: ca. 5 timar
Pris: kr. 350 vaksne. kr. 150 barn under 16 år. 15 % rabatt for gruppebestilling med meir enn 6 personer.
Turen startar frå Fete, i enden av vegen langs Fitjadalsvatnet. Vi følgjer traktorvegen langsmed storelva innover til Flatebotnane. Etter å ha kryssa brua over elva, og tek vi dei bratte bakkane opp til den idylliske stølen Eivindsete. Snart får vi eit flott utsyn over Fitjadalen. og fjella rundt. På stølsvollen et vi niste, om været er dårleg set vi oss inn i eit av sela. Det er ikkje støling på Eivindsete i dag.