Fitjadalen Historisk vandring Lengd: ca. 5km
Stigning: 70m
Varigheit: ca 4 timar
Pris: Kr 295 vaksne, kr 145 barn under 16 år
15 % rabatt for gruppebestilling med meir enn 6 personer.
Vi tek deg med på ei historisk vandring rundt det idylliske og rolige Fitjadalsvtanet. Mens vi passerar fleire hundre år gamle naust, høyløer, sel og stølsvollar, får du eit innblikk i korleis bøndene i lang tid har nytta området til slått, beite og matauk, og kva for utfordringar dei møtte. Eit høgdepunkt på turen er helleristningar og offergroper heilt tilbake til bronsealderen, som vi finn under eit utspring i fjellet. Her er det flott utsikt til vatnet, fjorden og Folgefonna. Turen er lett og passar for alle.