Instillinger for karusellen
Operasjoner for kontaineren
Høyde (px)
Høyde (px) mobil
Timer (ms)
Vis tall på dottene
Ikke roter
Naviger når musen er over
Behold aspect ratio
Høyde er maksimum høyde
Hide navdots

Guida turar i vakker natur!

COVID -19: Det er trygt å væra på tur med oss. Me føl råda frå helsedirektoratet og oppmodar gjestene om å ha handdesinfeksjon i tursekken.

Hardanger Hiking gjev deg unike naturopplevingar utanfor allfarveg og turistvrimmelen. Vi tek deg med til idylliske stølar og fjelltoppar med fantastisk utsikt over vestlandsk fjordlandskap, isbre, fjell og djupe dalar. Turane går i eit skogs- og fjellområde som ikkje er oppdaga av dei store turiststraumane. Alle våre turar har lokalkjend guide som fortel historia om korleis bønder og andre har brukt området gjennom generasjonar.

Familieverksemda Hardanger Hiking held til på gardsbruket Vetlemyrane. Her har vi sau og gjeterhundar, og om du ynskjer opplevingar med dyr, kan du vere med oss å drifte  saueflokken til og frå skogs- og fjellbeite.  

Alle turane startar frå Øystese i Hardanger 1,5 time med bil frå Bergen. Ta kontakt for tur med di gruppe, din familie eller din flokk. Turane tek 3-5 timar og krev ulik grad av meistring. Heile året rundt kan du tinga spesialturar tilpassa dine draumar og ynskjer.
(sjå kart nederst på sida)
Storelva i Fitjadalen
Elvevandring
Lett tur langs den fossande
storelva i Fitjadalen. Vakker natur
med både jettegryter og fossar.

LES MEIR
Fitjadalen
Historisk vandring
Den grøderike og nydelege Fitjadalen
har vore brukt av folk i hundrevis
av år. Her ser me korleis ressursane 
har vore brukt heilt tilbake til Steinalderen.
LES MEIR
Gjeting av Sauer
Skogstur
Ettermiddagstur der me gjeter ein flokk 
gjennom skogen til nytt beite.
Enkel tur som passar for alle og er perfekt
for familiar som har barn med seg.
LES MEIR
Eivindsete
Stølstur
Middels vanskeleg tur til ein av
dei vakraste stølane i området.
Undervegs opplev me den mektige
Hardangernaturen. 
 
Laupsaflyane-Klippe 
Utsiktstur / stølstur
Dei to stølane me vitjar har fantastisk
utsikt mot Hardangerfjorden.
Rundturen byr på den ein postkort
motivet etter det andre.
 
Torefjell
Topptur
Ein av dei mest populære turane blant
dei lokale turvandrarane.
Krevjande tur som verkeleg gir deg
utsikta du draumar om å sjå i Hardanger.

LES MEIR
Bestilling og betaling av turar

Turane våre kan du bestille ved å kontakte oss på telefon: 951 31 358
eller epost: hardanger.hiking@gmail.com 

Betaling
Etter at du har fått bekrefta tur og tid kan du betala med ein av fylgjande alternativ:

VIPPS : 951 31 358. 
Bankkonto: 3450.07.00086

Me er fleksible og kan som oftast tilby tur etter ynskje frå kundane våre.
Det er også mogleg å bestille for større grupper.
Send turførespurnad
Send oss ei melding for å bestilla ein minnerik tur
Send melding
Namn /Name
Telefon /Telephone
E-post /Email
Di melding/ Your message
Send melding
Utstyrsliste

Hardanger Hiking tilrår deltakarar å ha med seg gode kle på turane våre. Der ikkje naudsynt å oppfylle alle punkta på utstyrslista, men den gjev ein indikasjon, basert på våre erfaringar. I fjellheimen er det ofte meir vind og kaldare enn ved der me startar, det kan difor vere lurt å ha med seg ekstra klede.


LES MEIR
Om oss
Hardanger Hiking er ei familieverksemd starta opp av Liv Lyngstad og Even Øyri som driv gard på Vetlemyrane i Øystese. Med oss som guide har vi sonen vår, Johannes, som elles i året studerar ved Universitetet i Bergen. Vår familie har alltid gått mykje i fjellet, både sommar og vinter. Dei fine opplevingane, stemninga på stølsvollen og den flotte utsikten vil vi gjerne dele med andre. Sommaren 2015 kan du får vere med oss til støls eller på topptur. På turane kan du høyre elver og bekkar bruse, oppleve roen og bli bergtatt av storslått natur. Vi vil også gjerne fortelje om bruk av stølar og fjellområda i dag og før i tida. Vi har lagt opp eit variert turprogram, i det fjellområdet som vi kjenner aller best. Nokre av turane passar for familiar med ungar, og dei som ikkje er så vant til å gå i fjellet. Toppturane er tilpassa dei som er vant til å gå i fjellet og som er i god form.
Fjellet
I fjellområdet vårt har vi mange flotte, idylliske stølar. Dei heiter Eivindsete, Håsete, Fugladalen, Solheimdalen og Søyene, og fleire av dei har gamle hus frå den tida då det var støling kvar sommar. Gardane på Øvre Øystese hadde stølsrett på ulike stølar, og dei bruket stølane nokre veker før dei flytta til neste stølø. I dag er det ikkje støling i fjellområdet, men beita rundt stølshusa er gode, og sauene trivst her.

Tregrensa i Hardanger ligg på om lag 6-700 meter,  og det er i dette området vi finn dei fleste stølane. Toppane rundt når opp i 12-1300 meter, den høgaste toppen Fuglafjell er 1334 moh.
Gardsdrifta
På Vetlemyrane har vi no om lag 80 sauer som får lam om våren. Etter nokre veker på beite heime rundt tunet, er det tid for å sleppe sauene til fjells. Fjellbeitet vårt strekkjer seg frå fjella bak tunet på gardane i Øystese og heilt ned mot Hamalagrø i Voss og Sotabotnen i Samnanger. I siste halvdel av juni bufører vi sauene som har beitet sitt lengst vekk i fjellet, ein tur som tek 5-6 timar, Ofte må vi gå lange delar av strekninga på snø. I midten av september er det smalejag, og sanking av alle dyra heim frå fjellet.  Slaktelamma vert sortert i frå, og sendt til slakt. Dei andre beiter heime til månadskiftet oktober/november. Då set vi sauene inn i fjøset, og her får dei stell og mat heilt til dei nye lamma er komne neste vår, og det er tid for å sleppe sauene ut på grøne vårbeiter.Vi har to border collie hundar som vi har trent opp  til å gjete sauene.  Dei er effektive, raske og flinke og til utroleg god hjelp når vi akl flytte sauene. 

 

Kontakt informasjon


Telefon:
+47 951 31 358
E-post:
hardanger.hiking@gmail.com

Alle turane har møteplass i Øystese 

(Sjå kart nederst på sida)
Send melding
Namn /Name
Emne /Topic
E-post /Email
What would you like to ask us?
Send melding
www.hardangerhiking.no | org nr: 1234567809
System provided by GetShop AS - www.getshop.com